Leserinnlegg
 
Startside

 

Ikkje 1 sekund å miste – Velg rett veg

Ei støtteerklæring til amublansetenesta i Selje.
(Fjordenes Tidende fredag 19.januar 2007)

 

Det var ein varm dag, vi var på vår årlege ferietur ”heimatt” til Fure, min fars heimstad, sommaren 2003. Vi var fleire heime den dagen, og far min begynte å kjenne seg dårleg. Kvalm, kaldsvetta og kasta opp. Så starta smertene i brystet. Pulsen steig. Dette hadde vi sett før i familia, vi kjende det igjen, og vi var raske med å ringe etter ambulansen. Ambulansen kom så fort den kunne, sjølv om den halvtimen vi venta føltes som timar. Tankane trengde på, kor mange minuttar går det før han blir verre? Klarer vi å redde han hvis eit stort infarkt råkar før ambulansa når fram? Så hjelpelaus ein kjenner seg, og kor enn du håpar på at ambulansa skal dukke opp, så går ikkje minutta raskare for det. Vegen er kronglete og lang nok fra Selje til Fure.

Men dei kjem, og dei kjører raskt i veg til sjukehuset på Nordfjordeid. I alt frå vi ringde til dei når fram, trur eg det tok 1,5 time. Og det er ikkje utan dramatikk. Legen går av på Stadlandet, og det er ambulansepersonellet som er igjen i ambulansa. Det kviler eit stort ansvar på dei. Det går fort innover. På vegen innover forverrar situasjonen seg og han får morfininjeksjonar også. I det dei rullar han inn på intensiven på Nordfjordeid får han brått veldig store krampar i kroppen, og total hjertesvikt. Rommet er fyllt opp av legar i grøne frakkar på 1-2-3. Alt skjer fort. Medan legar og pleiarar stormar til, blir mor mi bedt om å gå ut.

Medan dette skjer er eg på vei innover til Nordfjordeid i bilen. I eit vegkryss får eg telefonen eg venta på. ”Dei klarte det! Men det stod om sekundar, dei klarte å få liv i han att! Vi kom akkurat tidsnok fram. Hadde vi vore seinare så er det ikkje sikkert det hadde gått så bra”. Tårer av glede og takknemlighet trilla. Litt spesielt var det å få beskjeden i eit vegkryss. Spesielt når ein i ettertid følgjer kampen om ambulansetenesta i Selje, og ikkje minst kampen om å oppretthalde sjukehuset på Nordfjordeid.

 

Så kan vi stille oss spørsmålet, kva hadde skjedd om ikkje ambulansen var i Selje den dagen, og sjukehuset ikkje låg på Nordfjordeid?

 

Nedlegging og sparing. Det er det dei som styrer er opptatt av. Dei står midt i vegkrysset dei og. Liv eller død? Er ikkje vegen lang nok allerede? Det står om sekund når ein skal redde liv!

 

Eg håper med dette at andre deler historia si, kanskje det kan redde nokon andre sin far eller mor, son eller datter. Skal dei små samfunna i bygdene måtte lide fordi dei som styrer sentralt, set med viskelæret for å få budsjetta til å gå opp? Folk i utkantane i Norge har allerede ein lang veg til sjukehus, skal ein heilt avskjære dei denne muligheita? La dei allerede lidande stå att i vegkrysset på ein aude stad?

Tenestene som er i distrikta i dag er allerede på eit minimum. Ikkje rør dei. Då rører du ved tryggleiken og ein grunnane til at folk vert buande der. Det er ikkje tid til å rekne på tal og budsjetter når ein skal velge mellom liv eller død. Når du står i vegkrysset, då må du velge rette vegen…

 

Takk for hjelpa vi fekk – takk til lege og personell på legekontoret i Selje kommune, og takk til ambulanse personellet – og takk til lege og fantastisk personell på sjukehuset på Nordfjordeid. Vi fekk aldri tatt dei i handa og takka skikkelig. Alt gjekk så fort. På vegne av alle andre de har hjelpt - det er nok fleire enn meg som kan takke for å ha ein sprek far i live, ein nær venn eller slektning! Takk.

 

Paradoksalt nok, medan eg sit rett utanfor Haugesund by og skriv dette, høyrer eg utrykningssirener 3 gonger på ein liten time. Ikkje noko unormalt i det.

Har ein ikkje rett på akutthjelp innan rimelig tid same kvar ein bur her i landet? De må stå på – de må ikkje gi opp. Vi må få ein slutt på denne skeivfordelinga.

 

I akutte situasjonar teller kvart sekund. Måtte de vinne kampen!

Tove Iren Fure, Haugesund.

 

Linker til saka på nett

Kraftige kutt
Nrk SF 19.12.06

Dyster høgtenking
Firda 15.12.06

 

Området ble sist oppdatert 23.01.07.